Grafisk design

OSKELADDEN, C/O KV-DESIGN, VABØVEGEN 207, 5955 LINDÅS • POST@OSKELADDEN.NO • TELEFON 992 31 159

( Månelyst over Masfjordfjella - 2 bilder satt sammen til 1)

Lang erfaring med grafisk design

 

Underteikna har arbeidd med grafisk design i reklamesamanheng i snart 30 år og har opparbeidd ein solid kompetanse på mange områder i faget.

 

Allsidigheit er eit nøkkelord og for mange er dette eit pluss, spesielt for mindre bedrifter som naturleg nok ikkje har like store budsjett som nasjonale og internasjonale bedrifter opererar med. Eg leverer det meste av konvensjonelle grafiske tenester og arbeider frå idé til ferdig produksjon. Behova er ulike, men mindre bedrifter treng ofte hjelp til konkrete tiltak og her har min allsidige erfaring vore til god nytte.

 

Eg jobbar frå idé til ferdig produkt, gjer tekstarbeid og tar foto. Kort sagt har eg nærkontakt med heile prosessen og sørgjer for at produktet blir slik me har planlagt!

Kundar har vore alt frå handelstand til industri, blant anna har eg hatt gleda av å jobba med Tysse Mekaniske Verkstad på Osterøy sidan tidleg på 1990-talet.

LOGO

 

 

Å ha sin eigen visuelle identitet er eit "must" for alle som ønskjer å profilera seg, enten det gjeld ei bedrift, eit produkt eller feks. organisasjon.

Logo bør gjenspeila litt kva ein jobbar med og kva ein står for - dog utan å bli for detaljorientert. Ein logo skal også fungera i mange år, men vi ser likevel at mange litt større bedrifter "pusser opp" sin opprinnelige logo - eller til og med byttar den heilt ut.

 

Mange grafiske designarar kan kjennast igjen på stilen. Det gjeld nok også underteikna - sjølv om ein heile tida forsøkjer å tøya fantasien, dog utan å gløyma kven oppdragsgivaren er!

 

PROFILKONSEPT

 

 

Å utvikla eit profilkonsept betyr at ein har ein gjennomtenkt visualisering av all marknadsføring, alt frå logo, forretningsdokumenter, brosjyrar, annonsar, messemateriell, heimeside etc. Ingen skal vera i tvil om kvar budskapet kjem frå - til og med dersom ein tar vekk logoen. Det handler mykje om grafisk design - form og fargar altså, og å tilpassa dette slik at den grafiske designen alltid er gjenkjenneleg.

GRAFISK DESIGN

 

 

Enten bedrifter leverer produkter eller tenester, treng så godt som alle ein eller annan form for å marknadsføra desse. Nokon treng mindre, andre meir, og det er derfor viktig å setja inn framstøt der det er mest "å henta".

Skal det vera salgsutløysande reklame, eller skal det vera meir langsiktig og merkebyggjande?

Ja takk, begge delar kanskje - eller alt til sin tid...

 

Du kan designa og skapa, og byggja den mest fantastiske staden i verda. Men det trengs mennesker for å gjera draumen til verkelegheit.

 

Walt Disney