Om Oskeladden

OSKELADDEN, C/O KV-DESIGN, VABØVEGEN 207, 5955 LINDÅS • POST@OSKELADDEN.NO • TELEFON 992 31 159

(Foto til brosjyre for Austrheim Kommune)

"Eg fann, eg fann..."

Oskeladden er i navnet nynorskens utgåve av "Askeladden". Navnevarianten passa også bra med tanke på den vesle vestlandsbygda underteikna kjem frå. Likskapen til Asbjørnsen og Moe sin eventyrskikkelse er kanskje ikkje direkte påtrengande, men enkelte element ved denne Oskeladden er det lett å assosiera seg med. Som å vera ein "outsider", ta folk på alvor, vera open og imøtekomande men samtidig også målbevisst.

 

Kven står bak?

Bak Oskeladden står undeteikna, Karstein Vabø, som har hatt eige firma sidan 1987. Firmaet er registrert som KV-Design Karstein Vabø og har sidan oppstarten vore delvis aktiv gjennom alle desse åra. De siste 6 åra har eg imidlertid vore 100% engasjert som sjølvstendig næringsdrivande.

 

Allsidig kompetanse som spesialitet!

Eg har arbeidd med visuell kommunikasjon i ulike former gjennom 30 år. Det heile startat med frihåndsillustrering, men då den digitale tidsalderen i grafisk sammenheng gjorde sitt inntog utover 1980-talet, var eg blant dei første i bransjen som tok i bruk alle dei nye verktøya som kom til etter kvart.

Eg starta bla. å bruka programmet Professional Page (for Amiga) i grafisk samanheng i 1987 – berre fire år etter at teknologien blei ”oppfunne”. Litt heldig var eg nok som nesten snubla over nyvinninga som etter kvart kom til å bli framtida for absolutt alle i den grafiske bransjen (takk til Øyvind Thorsen....!).

Sidan den gang har eg vore tung brukar av andre lignande program som Page Maker, Quark Xpress og InDesign - både for PC og Mac.

 

Eg har også arbeidd veldig mykje med bildebehandling – faktisk før Adobe Photoshop blei tilgjengeleg for PC tidleg på 1990-talet og totalt revolusjonerte alt som handla om bilderetusjering og bildemanipulering. InDesign, Photoshop og Illustrator er alle programmer eg i dag er "proffbrukar" av.

 

Min erfaring innan visuell kommunikasjon har ikkje berre handla om grafisk design – sjølv om hovedtyngden ligg der. Eg fekk etter kvart også bruka min skapertrang til å arbeida som art director (AD) med ansvar for den heilskapelege sida av kommunikasjonen, som déar til kampanjer og komplette profilkonsept. Fem år inhouse hjå ein av verdas leiande produsentar innan sitt marked og vidare tolv år i det største reklamebyrået i Bergen, ga meg i tillegg erfaring også med fotografering og tekstutforming (morsmålet er nynorsk, men bokmål i skriftleg form, kan nok vera mykje enklare å forhalda seg til).

 

Med moderne publiseringssystem som kom utover 2000-talet opna det seg etter kvart opp mulegheiter for å arbeida med - ikke berre struktur og design av nettsider, men også driften av dei. Sistnevnte har eg dei siste seks årene arbeidd mykje med gjennom fleire ulike publiseringsløysningar (bl.a. Wordpress).

Mine tre viktigaste verdiar: Ærleg, engasjert og påliteleg!

 

Karstein Vabø